16.10.08

et spørsmål om respekt

bak ei kvar bok, ligg eit uant antall timer med hardt arbeid, ein dose blod og svette, og rett og slett litt slit. enten det er forfatteren, forleggjaren, korrekturelesaren, oversettaren, gutta på trykkeriet, eller alle saman. det er mykje arbeid å lage ei bok.

sjølv om ein har tankar om kva som boka kjem til å innehalde, ein har tankar om forfattaren, om tittelen, om omslaget, ja, kanskje ein til og med har fått med seg ein anmeldelse ein eller anna plass, altså, ein har allereie ei formeining om boka, meiner eg bestemt at ein må visa respekt for den uåpna boka.

kva ein må meine om boka etterpå, er uvesentlig. det betyr ikkje noko. da me diskutera her, er forspillet. korleis ein behandlar den uåpna boka.


på grunn av arbeidet som ligg bak, på grunn av det skrevne ord, på grunn forfattaran som frivillig leggjer haude på blokka, for forlaget som velgjer å publisera,
krevjer det av oss som lesarar, at me, behandlar boka, i utgangspunktet, med respekt.

og i dag tar vi for oss rett og slett, korleis du best kan gjere dette. på grunn av
arbeidet som ligger bak, bokas rolle i samfunnet,
og for sjølve boka. korleis ein best kan bevara orda,
sidene, trykksverta, lukta av boka. korleis den holder seg fin. lenge.

eg skal lære dykkar jobben min far ein gong for lenge sidan lærte meg. no tek eg lærdommen til dei eldre med meg videre. gir den videre.
her er leksjonen.første skritt i korleis behandle ei bok med respekt, korleis åpne i ei bok.

ein legg boka på bordet foran seg, eventuelt på kneet.

om ein brukar kneet, er det viktig at ein legg bokryggjen på kneet, viss ikkje riskar ein at åpningsritualet ikkje har nokon effekt.

åpne fyrst omslaget, og hold dei skinninnbunde sidene ned mot bordet.

om boka aldri har vorte åpna før, kan sidene ha en tendens til å stå rett opp.

dei er urørte. dei lar seg merke. då byrjar jobben.


bla opp den første sida framme og bakerst, og utfør the key movement.
trikset som gjer at boka held seg fin, held formen, at den ikkje ver stygg, at sidene legg seg skeivt.

dra peikefingeren med middels hardt trykk, ned langs kanten der sidene møtes.
i bretten, kan du seie. ein gong på kvar side.


der bretten møtes. middels kraft.
du vil kjenne at læret, omslaget vil gi litt etter.
det er meininga.

så blar du om, både bak og framme.
og gjentar øvinga.


blar om bak og framme.
gjentar øvinga.


samtidig kjenner en at fingen blir varm. du vert freista til å lese små tekstutdrag,
men vil ikkje øydelegge lesaropplevinga, du kjemper med seg sjølv,
ser vekk og fortsett på jobben.

side etter side. klompen i midten krympar, du nærmer deg. du blar deg gjnom side etter side. blir kjent med boka. kjenner kvaliteten på papiret. lukta.

til slutt har du bladd deg gjennom og pressa ned kvar side i heile boka. du har nådd midten.

du er nesten ferdig.

slå den saman, hold boka opp med høyre hånd, klem med venstre håndflate langs bokryggen.

klem den saman.

Hold så boka i venstre hånd, og klem med høyre, motsatt vei.


Vips. Du har åpnet boka. Den er fin. Den holder seg fin.

Nå kan den nytes. Og dømmes. Til neste gang. God lesning.