17.10.08

Dødskarusellen: Paul Celan si "Todesfuge"

i 1948 vart diktet "Todesfuge" utgjeve som del av diktsamlinga "der Sand aus der Urnen". denne diktsamlinga var den fyrste av utgjevingane til den tysk-jødiske diktaren paul celan (1920-1970). i diktet "Todesfuge" eller "Dødsfuge" som det vert på norsk, skildrar celan hendingar - eller kanskje heller lagnaden til dei jødane som havna i konsentrasjonsleirar frå 1933, då hitler kom til makta i tyskland, og fram til 1945. celan skildrar deira grusomme lagnadar i fugeform. ei fuge er i musikken ei strengt oppbygd musikkform, som hovudsakeleg består av eit tema som vert presentert i ei stemme - og sidan repetert i dei 3-4 eller 5 (alt ettersom) andre stemmene som også er del av stykket. såleis vert kanskje det aller mest karakteristiske ved ei fuge at den bygger på ein vidarespinningsteknikk: det same tema går om att og om att, men i ulike stemmer. med dette vert fuga ei perfekt skildring av det maskinelle drivet i drepinga av jødar under hitlers tyskland.

vil du høyre meir om dette kan du lytte til podcasten vår frå veke 42