9.10.08

Brettspel!



Ein kan datere dei fyrste funn av noko som kan minne om brettspel så lang tilbake i tid som 3500 år f.kr. Gjeng me litt lengre fram i tid så skal ein visstnok ha spelt Backgammon i Kina rundt år 200.
Som ein lesar av dette, brettspel har eit langt liv. Dei fyrste brettspel var forløparar til dagens "bestefar" i brettspel verda, sjakk. Sjakk har igjen i større eller mindre grad influert alle ulike brettspel i moderne tid. Skumma Kultur har ikkje sett på brettspelhistorikken, men vi har sett på kva som gjør eit brettspel til ein suksess. Kva for indre kvalitetar må eit brettspel ha som gjer at folk velgjer å sette seg ned og spele det gong på gong?


Fredag får du forhåpentlegvis litt av svaret på dette, då du får møte spel-entusiast Tor Bitustøyl. Bitustøyl har mange år bak seg som aktiv spelar. I desse dagar blir hans brettspel Mafia lansert. Mafia er eit resultat av mange tusen timar med hendene på spelebrettet. Bitustøyl har naturlegvis brukt lærdommen frå sine mange spel-timer når han har laga sitt eige spel. Ï følgje eige utsagn har han etter så lang tid ei klar oppfatning kva som er eit bra spel.

Vi har snakka med spelmakeren om utgjevinga, brettspel generelt, og vi har spurt om kva han meiner er det ultimate brettspel.

Hans svar på dette får du Fredag mellom 10.00-11.00 i Skumma Kultur og på vår podkast.